Denne fredagen inviterer Loen Active og Loen Skylift til guida lysvandring på Hoven. Arrangementet er inkludert for alle gjestar ved Loen Skylift. Inga påmelding.

Oppmøte seinast kl 18:10 på toppen av Loen Skylift ved kjelkeutleigen (2. etg. i fjellstasjonen). Vi anbefaler at du tek bana opp seinast kl 18.00 (avgong kvar heile og halve time), så går vi frå 2. etg på fjellstasjonen ca kl 18:15. Dei som vil gå aleine er velkomne til det (fram til 19:30). Turen vil ta ca 1 time. Alle kan delta, men born må vere i følge med vaksne.

Det blir lagt opp ei lyssett rute som kan gåast til fots, utan verken ski eller truger. Dei som deltek bør ha med seg varme klede, hanskar, hue, gode sko og ei hovudlykt. Dei som ynskjer å leige vinterbekledning (vinterdress, hanskar/vottar og sko) kan gjere dette i Fjellbutikken (i god tid før turen startar).

Etter turen kan vi gå inn i Hoven Restaurant. Her kan du kjøpe noko varmt å drikke eller noko godt å ete. Hoven Restaurant serverer mat frå a la carte menyen fram til kl 21:00. Du kan også sjølvsagt ete før turen. Vi anbefaler å bestille bord på førehand.

Siste bane går ned kl 22.30 denne kvelden.

Meir om vinterferien i Loen.

Smittevern
Loen Skylift og Loen Active føl nasjonale og kommunale retningslinjer og vil ha eit høgt fokus på reinhald og smittevern. Vi tilrettelegg alle våre produkt ut frå desse retningslinjene. Gjestar og tilsette skal føle at det er godt og trygt både å besøke og jobbe hos oss. Les meir.