Tilbake til alle arrangementer

Nasjonalballetten kommer!

Foto: Erik Berg

Foto: Erik Berg

Når publikum ikkje kan kome til Operaen, kjem Operaen til publikum. Onsdag 10. juni dansar Nasjonalballetten på takterrassen på toppen av Loen Skylift.

– Vi gler oss til å danse for dykk, seier ballettsjef Ingrid Lorentzen som er konferansier i førestillinga. Nasjonalballetten kjem med ei cirka 30 minutter lang førestilling med klassisk og moderne ballett.

Gjestane vil kunne oppleve nokre av dei beste dansarane i Norge og i verda:

Foto: Erik Berg

Foto: Erik Berg

  • Leyna Magbutay og Martin Dauchez danser en pas da deux – dans for to – fra den klassiske balletten Giselle

  • Nae Nishimura danser Svanens død av Michel Fokine.

  • Nae Nishimura, Rebekah Bloomfield, Johanne Wien Pedersen, Astrid Lyngstad og Sofie Ruthenbeck danser Resin, ein humoristisk moderne ballett som leikar seg med klassisk ballett, skapt av Alexander Ekman

  • Daniela Cabrera og Yoel Carreño danser en pas de deux frå balletten Le Corsaire

  • Isabel Vila og Gakuro Matsui dansar ein pas de deux frå den klassiske balletten La Sylphide.

Nasjonalballetten er Norge sitt einaste ballettkompani og held til i operahuset i Oslo. Dei dansar klassiske ballettar som Svanesjøen, Tornerose og Nøtteknekkeren, men også moderne verk av store internasjonale koreografar og nyskapte verk.

Sidan 2012 har Ingrid Lorentzen vore sjef for Nasjonalballetten, etter mange år som solist i kompaniet. Det er til saman 75 dansarar i hovudkompaniet og kompaniet for unge dansarar, Nasjonalballetten UNG.

Dansarane kjem frå heile verda. På Hoven dansar japanske Leyna, Nae og Gakuro, franske Martin, spanske Isabel, kanadiske Rebekah, cubanske Daniela og Yoel, og norske Sofie, Astrid og Johanne.

Nasjonalballetten sin husregissør Marit Moum Aune står bak konseptet “Nasjonalballetten kommer!”. Ho har skapt nokre av kompaniets største suksessar og er ein anerkjent teater- og filmregissør. Over 20 lokale sjukeheimar og eit fengsel har sidan 8. mai opplevd ballett i førestillinga “Nasjonalballetten kommer!” i Oslo. Suksessen vert utvida med turné til Østfold, Innlandet og Vestland, i samarbeid med deira hovudsamarbeidspartnerar OBOS og Norsk Tipping.

Tid: Onsdag 10. juni, kl 19:00-19:30.

Hoven Restaurant serverer smakfulle rettar og held ope frå kl 13 til kl 21. Bestill bord her.

Merk at grunna Covid-19 er det redusert kapasitet på Loen Skylift, og vi anbefaler at de møter i god tid. Hugs å halde avstand.

Siste bane ned er kl 22:30

Pressemelding

Forrige
Forrige
17. mai

17. mai til fjells

Neste
Neste
12. juni

Dirty fries & bad music