14. juni tek to av Sunnmøre sine flinke korps turen til Hoven, og held konsert på takterrassen. Desse vann 2. divisjon Janitsjar og brass i Nordvesten tidlegare i vår.
Skodje Skulekorps er eit brassband som vart stifta i 1954 og består i dag av ein fin, sosial, inkluderende og musikalsk gjeng på ca 30 musikanter i aldersspennet 9-18 år. Vi øver ein til to gongar i veka, og har eit aktivt program med øvingshelger og fleire årlige konsertar og arrangement i bygda vår.
Skulekorpset er ein viktig kulturinstutisjon, og gir barn og unge muligheten til å utvikle seg musikalsk og sosialt.
Vatne Tennfjord Musikkorps, forkorta til VTM, består totalt av 33 medlemmer i alderen 9–18 år. Korpset vart stifta i 2016, då Tennfjord skulekorps og Vatne juniorkorps vart slått saman grunna få musikantar. Dei siste åra har rekrutteringa vore kjempegod! Korpset har i år 13 juniorar og 12 aspirantar, så til saman er VTM ein gjeng på heile 61 musikantar!
Bjørn Vidhammer er vår engasjerte og tålmodige dirigent, og vi øver saman kvar måndag.
Å spele i korps er ikkje berre lærerikt – det er også utruleg sosialt og kjekt! I VTM får ungane utvikle seg musikalsk, vere ein del av eit inkluderande fellesskap og oppleve gleda av å spele saman. Her blir det nye vennskap, store smil og mange gode minner – både på øving og på tur!
Konserten er gratis for våre gjestar.
Vil du ete i restauranten?
Hoven Restaurant serverer frå a la carte menyen kl 13-21 denne dagen. Bestill bord her.
Skodje Skulekorps
Vatne Tennfjord