Tilbake til alle arrangementer

Førjulsro med Fjellsus

Fjellsus – med songglede i ryggrada

Fjellsus er eit kvinnekor med base i bygda Fjelli i Stryn. Det som starta som ei uformell og sosial samling for venninner har utvikla seg til eit solid og kraftfullt kor der songgleda frå gamle TenSing-tider og ulike småprosjekt har vakna til live igjen. Fjellsus er eit kor der stemmene står tett – både musikalsk og i vennskap.

Konsert på Hoven – første søndag i advent

Den første søndagen i advent tek Fjellsus turen heilt til topps – til Hoven – for å dele akkurat det dei sjølve har sakna mest i førjulstida: ei musikalsk pustepause. Ein konsert med fokus på ro, varme og mjuk førjulsstemning. Midt i eit landskap der fjord og fjell omsluttar alt, og der panoramautsikta gjev rom for å puste litt djupare.

Her inviterer Fjellsus publikum til å senke skuldrane, stoppe opp og kjenne at desember kan vere både vakker og stille. Songar som gjev varme, og som minner om at advent ikkje treng gå så fort.

Opplev Fjellsus på Hoven – ei førjulsstund med ro, utsikt og song dei siste soltimane før desember set inn.

Det er ingen inngongsbillett på konserten.

Planlegg du eit måltid?

Hoven Restaurant serverer mat mellom kl 13 og 18, og vi anbefaler at du bestiller bord dersom du planlegg eit måltid. Siste bane ned er kl 19:30.

Forrige
Forrige
28. november

Kahoot Fredagsquiz

Neste
Neste
28. desember

Aleksander Raftevold