Tilbake til alle arrangementer

Haustkonsert med Georg og Sedna Lipai

Laurdag 10. oktober inviterer søskenparet Georg og Sedna Lipai til ein lun og stemningsfull haustkonsert i Hoven Restaurant.

Musikken har alltid vore noko dei to har hatt til felles, sjølv om dei i dag bur på kvar sin kant. Georg har nyleg flytta tilbake til Loen, medan Sedna bur og studerer i Oslo. Denne hausten har dei endeleg fått høve til å spele saman igjen.

Med gitaren og songen i sentrum byr dei på ein akustisk konsert med eit handplukka utval av låtar dei begge er glade i. Kjende og kjære songar, ispedd nokre musikalske overraskingar.

Det er ingen inngongsbillett til konserten.

Konserten er ei fin anledning til å kombinere hauststemning på fjellet med eit godt måltid. Ynskjer du å ete i samband med konserten, bestiller du bord på førehand her.

Forrige
Forrige
5. oktober

Moro og magi med Erik Mogeno

Neste
Neste
30. oktober

Halloween-quiz