Ein sommarkveld. Høgt til fjells. Levande musikk heilt tett på. Og ei stemme som fyller rommet med latter, lengt og store kjensler.
OperaKysten skal igjen på turné, og tek med seg noko av det vakraste operaverda har å by på til små stader langs kysten vår. Med sopran Nora Oleanne Sårheim i spissen inviterer dei til varme, nære og overraskande operaopplevingar på nynorsk, laga for både erfarne operavener og deg som aldri har sett foten i eit operahus.
Gløym tanken om stive salar og fjerne scenekantar. Dette er opera slik du sjeldan opplever han: tett på, levande og personleg. Kjende melodiar, sterke historier og musikk som treff rett i hjartet – framført med humor, varme og nærleik, og ei kjensle av å vere med på noko heilt spesielt: profesjonell opera av høg kvalitet – midt i ditt eige lokalsamfunn. Og alt er på nynorsk!
Ta med ein ven, ein nabo eller nokon som «ikkje likar opera». Det er ofte dei som går heim mest begeistra.
Om OperaKysten
OperaKysten er ei foreining som vart skipa 15. januar 2015 etter idé og initiativ av Audun Hareide og Nora Oleanne Sårheim. Laget sitt føremål er å arrangere opera, og arbeide for andre tiltak for å skape auka opera-interesse i Sogn og Fjordane. OperaKysten har base i Florø, og såleis er landets vestlegaste operascene, men utøver aktiviteten utanfor kommunen òg. OperaKysten samarbeider med Sogn og Fjordane Teater og Opera Nordfjord.
Konserten er gratis for besøkande i Loen Skylift. Vi anbefaler at du bestiller bord på førehand på denne linken.