Hoven Restaurant inviterer til ein eksklusiv middag i høgfjellet, der smak og eleganse går hand i hand. Denne kvelden hyllar vi Taittinger, ein av verdas mest anerkjende vinprodusentar, kjent for si kompromisslause jakt på perfeksjon og sin lidenskap for godt handverk.
I den spektakulære ramma av Hoven Restaurant inviterer vi til ein 4-retters middag, nøye komponert av vår kjøkensjef for å spegle familien Taittinger sin raffinerte vinfilosofi. Kvar rett vert akkompagnert av utvalt drikke.
Ein representant frå Taittinger er tilstades og vil fortelje om vinane gjennom kvelden.
MENY
Aperitiff
Trippel østers
Servert med saus Mignonette
Klassisk med sitron
Frisk og krisp servert med agurk is
Utvald drikke tilpassa retten
Carpaccio av kalv
Servert med granateple, limonzest, urter, trøffel
Utvald drikke tilpassa retten
Piggvar pannesteikt
Servert med maispuré, squashblomst, babygulrot
Champagnesaus
Utvald drikke tilpassa retten
Mandel-Financier
Server med posjert fersken og Champagne Sabayon
Utvald drikke tilpassa retten
Taittinger – Eit namn som forpliktar
Taittinger-familien har drive champagnehuset i snart hundre år, med eitt mål: å skape produkt av ypperste kvalitet. «Å ha familienamnet på flaska betyr ansvar – for både historia og framtida», seier Pierre Emmanuel Taittinger. I dag deler han dette ansvaret med barna Clovis og Vitalie, som saman med han utgjer ei samkøyrd og engasjert familietrio.
Smaken av tradisjon og handverk
Hos Taittinger er skaping av Champagne eit familieanliggande, der erfaring og intuisjon styrer kvar blanding. Både familien og smakspanelet tek avgjerdene i fellesskap – ei vidareføring av ein sterk felles stil og kjensle for kvalitet.
Vingardane – kjelda til kvalitet
Taittinger eig 288 hektar vinmark i hjartet av Champagne, fordelt på 37 utvalde vinmarker. Med kjærleik til jorda og stor respekt for naturen, blir kvar drue dyrka med presisjon og omsorg. Den klassiske blandinga av Chardonnay, Pinot Noir og Pinot Meunier gir produkta frå Taittinger den elegante stilen huset er verdskjent for.
Praktisk informasjon
Tid: 23. august kl 19:00.
Pris: 2380,- (+ avgift) som inkluderer aperitiff, fire-retters middag og akkompagnerande vinar til maten, og t/r Loen Skylift. Årskortinnehavarar tek kontakt med billettluka ved registrering.
Bestilling: Bestill billett på denne linken. Ring oss på 57 87 59 00 eller send ein e-post til post@loenskylift.no dersom du har spørsmål. Merk at det er avgrensa antal plassar på dette arrangementet.
Vil du gjere opplevinga komplett?
Vi tilbyr overnatting på følgande hotell i Loen:
• Frå kr 1980 per person i dobbeltrom
• Frå kr 2480 per person i enkeltrom
• Frå kr 1600 per person i dobbeltrom
• Frå kr 2100 per person i enkeltrom
Booking av overnatting gjer du til alex@alexandra.no eller 57875000