Tilbake til alle arrangementer

På kanten til allsong - med Steinar Engelbrektson

I samarbeid med Pensjonistforbundet Sogn og Fjordane og Hotel Alexandra inviterer vi til allsong med Steinar Engelbrektson tysdag 6. mai! Om vêret tillet det blir dette ute på takterrassen på Hoven Restaurant, og ved dårleg vêr blir det inne. Arrangementet er gratis, men dersom du registrerer deg på førehand får du kjøpe bane-billett til rabattert pris 495,- (ordinært 625,-) i billettluka. Alternativt kan du ta kontakt med resepsjonen på Hotel Alexandra på 57875000 eller alex@alexandra.no.

Om Steinar Engelbrektson

Steinar Engelbrektson er kjend for spelegleda han leverer frå scena. Sjølv etter 40 år på vegen er han like lysten på å spele og få treffe publikum, som den dagen han først entra ei scene. Steinar har mange fans som fartar land og strand, helg etter helg, og frå festival til festival for å oppleve dansbar country fra øvste hylle. Låtar som «På grunn av bagateller», «Hundrings til ein kaffi» og «Heim til Nordfjord» har blitt udødelige slagarar og skapar stemning og allsong over heile landet.

Dans i Alex Dancing

Steinar Engelbrektsson spelar til dans både 5., 6. og 7. mai i Alex Dancing (Hotel Alexandra) frå kl 21 til kl 24. Dansen er inkludert for buande gjestar. Pris pr person for ikkje-buande er kr 200,-. Billett kjøper du i resepsjonen.

Vil du ete i restauranten?

Hoven Restaurant serverer frå a la carte menyen kl 13-21 denne dagen. Bestill bord her.

Forrige
Forrige
19. april

DJ Frode Sunde

Neste
Neste
17. mai

17. mai til fjells