Trubadur Kjetil Sande skapar after-ak og after-ski stemning i Hoven Restaurant frå kl 16 til 19. Ved fint vêr spelar han ute på terrassen!
Kjetil Sande er ein erfaren trubadur med fartstid fra både band, trio og duo settingar, og er busett i Fræna ved Molde. Han serverer fengande melodiar med ei krisp stemme, så her er det berre å nyte. Og sjansen er stor for at du føler for å henge deg på velkjende refreng.