Det går raskt framover med prosjektet, og her er litt foto frå alt som har skjedd i prosjektet denne solfylte veka.
Og med denne utsikta mot Skåla og Lodalen seier vi god helg!
Det går raskt framover med prosjektet, og her er litt foto frå alt som har skjedd i prosjektet denne solfylte veka.
Og med denne utsikta mot Skåla og Lodalen seier vi god helg!
Slik ser anleggsområdet på Hoven ut frå lufta 28. april 2016. Alle foto er tekne av Ørjan Molland.
Snøen slepp taket, anleggsvegen er klar og arbeidet på toppen kan starte for fullt.
Alle foto: Jan Heggheim
Onsdag 16. mars var det generalforsamling i Hoven Loen AS, og over 30 nye aksjonærar har teikna seg.
Før forsamlinga hadde ein nær 50 aksjonærar, og onsdag kveld teikna over 30 seg på lista. Prosjektet er fullfinansiert, og har no ein aksjekapital på over 100 millionar kroner, og eit lånetilslag på 105 millionar. Les artikkel hos NRK Sogn og Fjordane: Over 30 nye aksjonærar på plass - opning mai 2017
Arbeidet med Hoven Loen går raskt framover. Her er ferske statusbilete frå 7. mars.
Alt er klargjort til støyping på fjordstasjonen 10. februar 2016.
I sommar starta stibygginga for fullt på Hoven. Første fase er frå Oppheimssætra til Nøkketjønn. I prosjektet med å realisere Hoven Loen vil det bli utvikla eit vandrerutenettverk av høg kvalitet, etter nasjonal/internasjonal standard. Fjellheimen mellom Loen og Stryn er eit fantastisk turområde, og vandring er ei av dei viktigaste satsingane i Hoven Loen prosjektet.
Det er Naturservice DA, Utmarksressurs AS, Drageset Mskin og Fjord Helikopter som utfører arbeidet. Alt skjer i samarbeid med grunneigarane.
Totalt 70 km med potensielle ruter er kartlagt til og rundt Hoven. Rutene knyter Stryn sentrum og Strynedalen til vandrenettverket.