I sommar starta stibygginga for fullt på Hoven. Første fase er frå Oppheimssætra til Nøkketjønn. I prosjektet med å realisere Hoven Loen vil det bli utvikla eit vandrerutenettverk av høg kvalitet, etter nasjonal/internasjonal standard. Fjellheimen mellom Loen og Stryn er eit fantastisk turområde, og vandring er ei av dei viktigaste satsingane i Hoven Loen prosjektet.

Det er Naturservice DA, Utmarksressurs AS, Drageset Mskin og Fjord Helikopter som utfører arbeidet. Alt skjer i samarbeid med grunneigarane. 

Totalt 70 km med potensielle ruter er kartlagt til og rundt Hoven. Rutene knyter Stryn sentrum og Strynedalen til vandrenettverket.