Då vikingane inntok Hoven
Det er ikkje kvar dag Hoven får besøk av ekte vikingar frå Shetland. Denne veka tok rundt 30 deltakarar frå den verdskjende Up Helly Aa-tradisjonen turen med Loen Skylift til toppen av Hoven og skapte eit syn dei fleste av gjestene neppe hadde venta.
Kledde i handlaga drakter, med skjold, hjelmar og økser, fylte dei fjelltoppen med vikingsongar, historier og latter. Mange av dei besøkande stoppa opp for å sjå, ta bilete og slå av ein prat med vikingane, som gjerne stilte opp for både små og store.
Besøket skapte eit levande innslag på toppen denne dagen. Norske og internasjonale gjester fekk oppleve eit møte med ei kulturtradisjon som framleis står sterkt på Shetland, og mange nytta høvet til å kome tett på dei imponerande draktene og utstyret.
Eit av dagens høgdepunkt var då vikingane spelte inn eit humoristisk innslag for våre sosiale medier. Videoen har allereie fått millionar av visningar og har gjeve Loen Skylift merksemd langt utanfor Noreg.
Besøket peika og mot dei historiske banda mellom Shetland og Vestlandet. Up Helly Aa er Shetlands største kulturfestival og ei årleg markering av den norrøne kulturarven. Festivalen er kjend for fakkeltog, prosesjonar og den karakteristiske Jarl Squad, og trekkjer kvart år tusenvis av deltakarar og tilskodarar.
For oss var det ekstra kjekt at desse kulturberarane valde å leggje turen til Hoven. Besøket gav både gjester og tilsette ein dag litt utanom det vanlege, og vi håpar dette ikkje blir siste gongen Shetland vikingane kjem på besøk.
Takk for ein minnerik dag!