Førjulsro med fjellsus

Fjellsus skapte varm julestemning i mange hjarte på Hoven første søndag i advent. Ei førjulsstund med ro, utsikt og song dei siste soltimane før desember sette inn. Fjellsus inviterte publikum til å senke skuldrane, stoppe opp og kjenne at desember kan vere både vakker og stille. Songar som gjev varme, og som minner om at advent ikkje treng gå så fort.

Fjellsus er eit kvinnekor med base i bygda Fjelli i Stryn. Det som starta som ei uformell og sosial samling for venninner har utvikla seg til eit solid og kraftfullt kor der songgleda frå gamle TenSing-tider og ulike småprosjekt har vakna til live igjen. Fjellsus er eit kor der stemmene står tett – både musikalsk og i vennskap.

Ei stor takk til Fjellsus for at dei tok turen hit og delte magien med oss.


Neste
Neste

Winemakers Dinner med Taittinger Champagne