Laurdag 17. oktober kl 15:00 held Ulstein Ten Sing konsert i Hoven Restaurant. Dette er den største Ten Sing-gruppa på nordvestlandet med 60 medlemar i 2020. Gruppa har eit kor som, i lag med eige band, serverer alt i frå 80-talsklassikarar til moderne pop og gospel.

I tillegg til korsang har Ulstein Ten Sing fått stor nasjonal merksemd for si kreative fornying av Ten Sing-arbeidet med bruk av musikkvideoar på sine live-show. Som om det ikkje var nok, er Ulstein Ten Sing ein arena for fleire andre kreative uttrykksformer: Eiga dramagruppe, filmgruppe og dansegruppe gjer at variasjonen er stor, og kreativiteten større.

Konserten er inkludert for alle gjestar ved Loen Skylift.

Smittevern
Vi ber om at alle tek omsyn til smittevern. Les meir om tiltaka her.