24. oktober kjem den folkekjære artisten Ingebjørg Bratland til Hoven og Loen Skylift. Konserten startar 21:00.

Som 27-åring har Vinje-bygdingen allereie ei merittliste dei fleste kan misunne. Før platedebuten hadde ho eit etablert namn i folkemusikkmiljøet. Ho er kåra nordisk meister, har vunne noregsmeisterskap i folkemusikk, og har fleire sigrar i Landskappleiken som kvedar. Ho markerte seg også sterkt med si medvirkning på H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit sitt samlealbum «Sorgen og gleden», i tillegg til å synge tittelsporet på «Jul i Svingen»-serien til NRK. I samband med minnekonserten i Oslo Domkirke 30.07.2011, song ho Nordahl Grieg sin «Til Ungdommen». Ho er også kjend for det nære samarbeidet med Odd Nordstoga.

Ingebjørg Bratland held eit høgt aktivitetsnivå og er oppteken av å ikkje låse seg i ein definert sjanger. 2018 ga fokus til salmeprosjektet «Til alle tider» saman med Espen Lind. To vellukka turnérunder - 35 konsertar, primært i kyrkjer, som tilsaman blei sett av omlag 15.000 besøkande! I tillegg til utgjeving av det heile på plate og digitalt.

2019 har også blitt brukt til å skrive og spele inn ny musikk. Det betyr at ho i første halvår av 2020 vil gjennomføre ein ny Noregsturné samt gje ut ny musikk. Første smakebit kom 8. november. Låten heiter «Di Ingebjørg», fulgt av eit album i februar

Ho opplever stor interesse for musikken sin, og nærmar seg per i dag 50 millionar streams på Spotify. Det nye materialet er skrive av henne sjølv og produsert av av Espen Lind og Geir Hvidtsten. Stilmessig ligg det nye materialet i landskapet mellom country, folk og pop.

Pris konsertbillett: 480,-

Dei som har konsertbillett kan kjøpe billett t/r med Loen Skylift for 300,- t/r (ord. 440,-).

Matservering

Dei som har konsertbillett og vil ete etter kl 18:00 må reservere bord til hovmesterhoven@alexandra.no innan 22. oktober. Du kan bestille mat fram til kl 20:00. Merk at etter kl 18:00 er det kun dei med konsertbillett som har tilgong til Hoven Restaurant.

Kjøp billett her. NB: Begrensa antal billettar.

Servering fram til kl 24:00. Siste bane ned kl 00:30.