Loen Active inviterer til guida trugetur for heile familien på Hoven 20., 22., 27. og 29. februar. Vi går ein roleg tur frå fjellstasjonen og utover i fjellet - heile tida med fantastisk utsikt over fjordlandskapet.

Du kan leige truger i fjellbutikken. Om du treng vinterbekledning kan du også leige dette i fjellbutikken. Merk at du då bør møte opp i god tid før turen startar kl 12:00.

Guidinga er gratis.

Etter trugeturen returnerer du til fjordnivå når du sjølv ynskjer. Hoven Restaurant serverer frå a la carte menyen fram til kl 18, og baren er open til kl 19. Siste bane ned denne dagen er kl 19:30.

Finn ut meir om vinterferien i Loen