28081781_10159931102345075_889867998_o.jpg

Loen Skylift vart kåra til årets nyskapar 2017. Det er Stryn Næringssamskipnad som deler ut prisen kvart år, som skal vere med å styrke Stryn sitt omdømme som arena for industri og næringsutvikling. I statuttane vert det m.a. vektlagt vilje, evne og mot til å realisere, og/eller kommersialisere ein god ide og stor nyskapingsevne og kreativitet i utvikling av konsept, produkt eller verksemd. Nyskapingsprisen skal også kunne tildelast bedrifter som over tid har vist høg evne til omstilling.

"Loen Skylift har  meir eller mindre støtte i alle statuttane for prisen" sa Knut Henning Hjellbakk i SNS. I grunngjevinga frå juryen heiter det mellom anna at Loen Skylift er eit nytt reiselivsikon i Norge, der verksemda er med på å styrke Stryn sitt omdømme som reiselivsarena med innovasjon og satsingsvilje, og gjev internasjonal merksemd.  

Det vert også vist til at partane bak Loen Skylift har vist vilje og gjennomføringsevne til å realisere og kommersialisere ein 40 år gamal draum, og og viste seg å vere ein god ide. - Loen Skylift har mål om å skape heilårsturisme, og gjere naturen tilgjengeleg for alle med tilpassa aktivitetar. Dette er med på å løfte resten av reiselivsnæringa i same retning. Dette skapar arbeidsplassar og verdiskaping, heiter det i grunngjevinga, der det også vert vist til at Loen Skylift har hatt eit fantastisk opningsår. 

Juryen har vore samansett av representantar fro Stryn Næringssamskipnad, Stryn Næringshage, Sparebanken Vest, Sparenbanken Sogn og Fjordane og Nordea. 

Kjelde: Fjordingen