Kvar dag mellom 28. desember og nyttårsaftan vil Anders Viktor Kvile skape lun romjulsstemning i Hoven Restaurant. Og kanskje tek han med seg ein gjesteartist eller to?

Hoven Restaurant er open frå kl 12 til 22 i perioden (Nyttårsaftan 12-18), og Anders Viktor spelar kl 14-16. Bestill gjerne bord her dersom du planlegg eit måltid. Sjå detaljert oversikt over opningstider her.

Om Anders Viktor Kvile

Anders (33) jobbar som organist i Stryn. Han gjekk musikklinja på Firda, og studerte seinare ved Griegakademiet i Bergen. Etter dette tok han ein bachelor i musikk ved Høgskulen i Volda. I tilegg til som organist i Stryn, er han frilans musiker som tar på seg alt av musikalske oppdrag. Sjølv om piano er hovudinstrument, trakterer han både orgel, trekkspel, trompet og klarinett, samt arrangering og komponering. Har et hjerte for jazz.