Velkomne til Kahoot Familiepåskequiz i Hoven Restaurant! Quizen startar kl. 16:15. Alt du treng er å ta med smarttelefonen din. Delta aleine eller på lag saman med for eksempel familien. Dagens vinnar vil motta ein fin premie, og det blir også trøstepremiar til 2. og 3. plass.

Når

  • Fredag 29. mars kl 16:15-17:15

Praktisk informasjon

  • Gratis deltaking for gjester ved Loen Skylift

  • Påmelding ved oppmøte (hugs å møte opp i god tid)

  • Delta aleine eller i lag saman med for eksempel familien. Opptil maks 4 personar per lag/bord

Om Kahoot Quiz

Kahoot er ein elektronisk quiz der ein spelar mot kvarandre, anten som enkeltpersonar eller i grupper. Ein får poeng ut frå antal riktige svar og kor rask ein er til å svare.

Spørsmåla kjem opp på storskjerm, og laga svarar via ein mobiltelefon. Spørsmåla og tempo vil vere administrert av quizmaster. Systemet er enkelt å forstå, men opplæring vil bli gjeve. Kahoot Quiz er moro og underhaldande også for publikum.

Vil du ete i restauranten før Quiz’en?

Hoven Restaurant serverer frå a la carte menyen fram til kl 18. Bestill bord på førehand her.