Laurdag 12. desember mellom kl 15:00 og 17:00 blir det ekstra god julestemning i Hoven Restaurant. Anders, Lars, Asle og Truls skal diske opp med norske og amerikanske juletonar, og det blir både sving og julevise, folkemusikk og blues, men viktigast av alt blir det julestemning.

Dei som skal spele på Hoven er fire studentar fra 3. året på bachelorutdanninga i musikk ved Høgskulen i Volda. Bandet består av Asle Hansen (trommer), Anders Viktor Kvile (piano), Lars Grindvik Uri (bass) og Truls Henrik Frøysaker (gitar).

Som band er dei nokså nye, og har ikkje hatt eit ordentlig band saman. Men sidan dei går i same klasse kjenner dei kvarandre godt, og snakkar saman både vokalt og instrumentalt.

Anders Viktor Kvile frå Breim kan skryte på seg både piano, orgel, trompet og trekkspel i sitt instrumentale våpenkammer. I sine 30 år har Anders spelt mykje på ulike stadar, og arbeider no som organist i Stryn. Jazz står sterkt i hjartet til Anders, og det syner tydeleg på spelinga hans når han smeller inn saftige akkorder og leikande melodistemmer.

Asle Hansen er en 23 år gammel trommis fra Bergen. Asle har bakgrunn innan afrikansk slagverk, som han har tatt vidare over på trommesettet. Han meinar at trommestikkene burde vere som ei forlenging av armen, noko som han iherdig prøvar å få til utan å måtte anskaffe protese. Asle har stor kjærleik for jazz og funk, og generelt alt anna som “groover”.

Truls Henrik Frøysaker er 22 år gamal og kjem frå Valdres. Frå tidleg alder fann Truls fram gitaren, og utvikla seg raskt til å bli ein befriande og dyktig gitarist. Dette var ikkje nok for Truls, og han fann fort ut av at sang var ein av hans sterke sider, og har lært seg til å bli ein rå gitarist og vokalist. Truls er leiken og smilande, og det skal godt gjerast å ikkje bli glad i fyren når han byrjar å spele og synge.

Lars Grindvik Uri er 29 år og kjem frå Skodje. Bass har vore ein stor del av Lars sitt liv, og ein skulle nesten tru at bassen veks saman med han. Det som byrja som 4 strengar er no utvikla til 7. Lars er bassist i Dream Theatre Tribute band, og er ein svært dyktig bassist som har mykje erfaring frå scene.

“Muligheten for å spille på Hoven i desember kom som en tidlig julegave til oss. Anders ringte sent en kveld for å dele nyheten med oss. Dette var en mulighet som var umulig å si nei til. Vi satt oss i selen og satt sammen et variert repertoar av både gode velkjente norske juleviser, og klassiske amerikanske julesanger.”

julejazz edit.jpg