Likar du kombinasjonen godt humør, allsong og dans er Hoven staden denne kvelden. Holko & Hauge har eit allsidig repertoar, som passar vaksne i alle aldrar. Her kjem alt frå rolege sjekkelåtar, heftige rytmer, eller små historier med glimt i auget. Desse to glade og muntre herrane frå Stryn skapar garantert ein triveleg kveld med latter og høg stemning. Fri entre i Hoven Restaurant!

Holko og Hauge spelar kl 20:30-00:30. Siste bane ned kl 01:00.

Bestill bord på førehand og bli med i trekninga om eit påskeegg!

Dei som bestiller bord på førehand (innan tysdag 26. mars kl 18) blir med i trekninga om eit påskeegg med verdi på minimum 1300,-. Vinnaren blir trekt av Holko & Hauge under arrangementet, så han/ho må vere tilstades i restauranten. Bordbestilling gjeld både dersom du ynskjer å bestille mat, eller kun drikke. Her finn du a la carte menyen (fram til kl 21:00). Bestill bord på førehand her.