20190215_170848.jpg

Eit stort stykke arbeid har blitt gjort på Hoven denne månaden. Tre grupper med elevar frå Nordfjord Folkehøgskule har lært å bygge iglo, og staden vart Hoven. Og vips stod to nydelege igloar klare. Eit ubarmhjertig mildver gjorde gleda kortvarig, men det var innmari kjekt så lenge det varte. Tusen takk til elevar og lærarar på Nordfjord Folkehøgskule for eit hyggeleg samarbeid!

Foto: Jan Hedges/Nordfjord Folkehøgskule, Arne Reme/Loen Skylift og Sondre Nesje/Loen Skylift,