Kor ofte går bana? Avgong er minimum kvar halve time, men kontinuerleg ved stor pågong. Opningstidene våre finn du på denne sida.

Kan eg ta med barnevogn? Ja, det kan du. Bana og alle tilhøyrande bygningar er tilpassa for dette. Barnevogn er gratis å ta med.

Kan eg ta med hund? Ja, det kan du mot eit lite gebyr (sjå prisliste). Om du vil inn i restauranten bør hunden vere igjen utanfor. Av hensyn til andre gjestar og beitande dyr ber vi om at hunden vert holdt i band. Det er bandtvang mellom 1. april og 15. oktober.

Er det tilrettelagt for rullestol i anlegget? Ja. Heile anlegget er universelt utforma, og dermed tilrettelagt for rullestolbrukarar.  

Kva er opningstider og prisar på bana og restauranten?denne linken finn du full oversikt over opningstider og prisar

Kva vêr er det i dag? På vår live-side finn du webkamera, info frå vêrstasjon og vêrmelding. 

Tilbyr de honnør- og studentbillettar? Nei dessverre, det gjer vi ikkje ikkje. Skuleklassar i grunnskule kan få eigen avtale.

Kan eg køyre bil til toppen av Hoven? Nei, vegen er stengt med bom på Oppheim og vert kun nytta til anleggsarbeidet på Hoven og i visse andre tilfelle etter avtale. Parkering ved Holme på Oppheim (mot avgift) for dei som ynskjer å gå vegen opp.

Kan eg gå ned frå Hoven, og kor langt er det? Grusvegen frå Hoven til Oppheim er 7-8 km lang. Du går då ned ca 700 høgdemeter. Deler av vegen ned kan du ta snarvegar på sti. Frå Oppheim må du følge asfaltveg tilbake til Loen (ca 6 km, ca 300 høgdemeter). Du kan bestille returtransport frå Oppheim hos Loen Active. Eit oversiktskart over området finn du her

Korleis når eg Via Ferrata-brua/Gjølmunnebrua? Brua er ikkje tilgjengeleg frå toppen av Hoven. For å nå brua må du gå opp Via Ferrata Loen. Via Ferrata Loen er ein envegs klatresti, der det kun er lov å gå oppover. Vi anbefaler å nytte guide på turen. 

Kan vi få guida tur i fjellet? Ja, Loen Active tilbyr guida fjellturar. Klikk her for meir informasjon. 

Kvar kan eg lade el-bilen min? Hotel Alexandra tilbyr lading av El-bil i parkeringshuset, første plan. Felt nr 5, 7, 9 og 11. Ein kan lade maks 52 kWh pr 24 timar, 10A sikringar. Prisen er kr 2,- pr kWh (pr. 24.07.2018). 

Kan eg ake ned frå Hoven? Vegen til Oppheim blir trakka med jamne mellomrom for å ha ein anleggsveg for frakt av utstyr og evakuering. Loen Skylift tek ikkje ansvar for sikkerheita eller at vegen er trakka til ei kvar tid.  All ferdsel i vegen skjer på eige ansvar. Vi ber dei som planlegg å bruke vegen om å vise hensyn til andre ved å tilpasse farten. I vegen kan ein møte maskiner, vandrande, skigåarar og folk som akar. Vegen går gjennom skredutsatt terreng, alle bør difor vurdere skredfaren og sjekke varsom.no. Det er godt tilrettelagt for aking på toppen av Hoven.

Kan eg ta med hangglider i Loen Skylift? Nei dessverre er det ikkje plass til dette. Det er heller ikkje mogleg å transportere ein hangglider på utsida av kabina.

Er det toalett på toppen av Hoven? I bygget på toppen er det tilrettelagt med mange toalett, både i stasjonsbygget og i tilknyting til restauranten. 

Kvifor er Lovatnet og fjorden grøn? Lovatnet er grønt fordi dei inneheld leirpartiklar og steinstøv som breane grev ut og elvane fører med seg. Breane knuser stein og fjell, dag og natt. Når brevatnet kjem ned i innsjøane og fjorden, ser det grønt ut, særleg når sola skin.