Luftsportutøvarar er velkomne til Hoven. Her finn du retningslinjer utvikla av luftsportsmiljøet. Loen Skylift er ikkje ansvarleg for tryggleiken til luftsportutøvarane - dette er kvar enkelt sitt eige ansvar. Ver venleg og respekter retningslinjene. Brot på retningslinjene kan medføre inndragelse av billetten. 

Grunnleggande reglar for alle luftsportsutøvarar på Hoven

  1. Tryggleik først

  2. Inga flyging under pendelbana når den er i rørsle.

  3. Inga flyging nær pendelbana (vaierar, kabin og mast)

  4. Inga flyging under via ferrata brua (Gjølmunnebrua)

  5. Inga flyging nær Via Ferrata Loen når det er klatrarar der - 25 meters regel

  6. Landingsområde: Inga landing i hagen på hotella utan løyve frå hotelleiinga.

  7. Landingsområdet er det store feltet bak Loen Active, ved sidan av elva (sjå kart)

  8. Ikkje løys ut fallskjermen over bygningar

  9. Pakkeområde - på landingsområde eller ved havna.

  10. Inga pakking eller pakkematter er tillete i hagane på hotella

  11. Hugs at du er ein ambassadør for luftsport når du flyg frå Hoven

Landingsområde Loen

Landingsområde Loen

GALLERI