**ARRANGEMENTET ER FULLBOOKA**
(meld deg på vårt nyhetsbrev for å få siste nytt om arrangement og aktivitetar)

I samarbeid med Bouchard Père & Fils og Solera inviterer vi til Winemakers Dinner 1011 meter over fjorden i Hoven Restaurant.

Vi serverer ein femretters meny med det ypperste av lokal mat med ein internasjonal vri, kombinert med nokon av dei beste vinar som Bourgogne og Domaine Bouchard produserer.

Femretters meny, aperitiff og vin til maten, foredrag av vinprodusenten og billett tur/retur Loen Skylift: kr. 895,-.

Siste bane ned er kl 01:00 denne dagen. Hent din billett i Fjordshop.

OM VINPRODUSENTEN

Bouchard Père & Fils vart etablert i 1731 av brødrene Michel og Joseph. Dei to starta med sal av klede og reiste ofte gjennom Beaune. De falt for den nydelege byen midt i hjarte av Frankrike sine vinmarker og bestemte seg for å starte grossistfirma for vin.

Då staten selde jord som var blitt konfiskert under den franske revolusjonen, såg brødrene Bouchard sin sjanse, og kjøpte vinmarker først i Volnay. Etter kvart som forretningane stadig gjekk betre, kjøpte dei slottet Chãteau de Beaune i 1810. Å stige ned i kjellaren er som å ta en tur tilbake til forrige århundre. Fleire tusen flasker frå den gong og fram til no er sirleg plassert langs dei tjukke jord- og murveggane. Eit eldorado for vinkjennarar og vinnytarar, eit fantasiland for Burgunder-frelste og eit museum med vin.

Bouchard Père & Fils vart kjøpt av Joseph Henriot sommaren 1995. Han overtok heile Bouchards ”kongerike” med kjellar, vin og tønner. Etter kjøpet har han brukt mye energi og enda meir pengar på å utvikle Bouchard til å bli eit av Burgunds leiande vinhus.