Truger er ein flott måte å oppleve vinterlandskapet på, og denne dagen stiller Loen Active med instruktør, utlån av truger og guida tur på Hoven. Guida tur blir kl 13:00. Opplegget er gratis for alle deltakarar. Banebillett kan kjøpast i Fjordshop eller på automat.

Utlån og tur vil skje på toppstasjonen av Loen Skylift. Vi stiller med truger og skistavar og lokalkjent guide. På grunn av storleiken på trugene bør ein vere 12 år og oppover.

Kl 12-15: Alle gjestar kan få låne truger og stavar i 30 minutt. Vi kan ikkje garantere at vi har nok utstyr til alle, men vi vil prøve så langt det lar seg gjere at alle får prøve.

Kl 13: Den guida turen vil gå der forholda tillet, men vi tek sikte på å gå mot Skredfjellet og området bak på Rognehauge. Turen vil vare ca 1-1,5 time.

Vi tek forbehold om veret, og turen kan endrast/avlysast dersom vi ikkje finn det forsvarleg.

Dersom du vil delta må du ta med eigna utstyr for å vere ute på vinteren: Gode sko (fjellsko/vintersko), gjerne gamasjar, varme klede, evt. ryggsekk med mat/drikke og klesskift. Dei som vil stille med eigne truger er sjølvsagt hjarteleg velkomne.

Les meir om Loen Active sitt trugetilbod her.