«Eg ska’ danse ti’ fjødde dette»

11. juni vitjar elitekoret Ole Bull Kammerkor Hoven. Høgt til himmels skal dei framføre norske folketonar - frå det svevande til det vågale med full trøkk. Det blir også innslag med slåttetromme/tamburtromme og cello.

Ole Bull Kammerkor fekk ideen til ein turné i Vestland etter fylkessammenslåinga. Pandemien hindra dei i å kome ut då fylket var nytt, men no er dei endeleg på vegen! Repertoaret består av tradisjonelle folketonar som møter ny musikk for å knytte kulturelle band i det nye Vestland fylke på tvers av dei tidligare fylkesgrensene. Koret søkjer alltid å halde konsertar både i og utanfor Bergen, og reiser no lenger enn nokon gong i storfylket vårt. Dei ynskjer å nå ut både med sitt eige konsertrepertoar, samtidig som dei held fleire av konsertane saman med andre kor, utøvarar og konsertarrangørar. I tillegg har dei lagt opp til fleire workshops for å dele av sine erfaringar, møte andre songarar og musikarar og få nye opplevingar som dei deler med publikum.

Tittelen på Ole Bull Kammerkor sin del av konserten er henta frå Bestelanden, ein tradisjonell folketone i nytt arrangement av den bergensbaserte komponisten Ørjan Matre.

Om Ole Bull Kammerkor

  • Elitekor frå Bergen skipa i 2015

  • Vann i mai 2022 "P.E.A.C.E"-prisen i Irland, Cork. (Prisen har opphav i konflikten i Nord-Irland og vert delt ut til den aktøren som set mest varige spor etter seg gjennom festivalen.)

  • Kor med samarbeid med mellom anna Bergen Filharmoniske Orkester

  • Sagt om Ole Bull Kammerkor: "Your performance was sleek and extraordinarily well-prepared; the sound across the ensemble was at all times warm and full, showing excellent vocal, ensemble (and conducting!) technique." Victoria Ely, choral conductor

Fullt program

  • Krist stod op af døde, arr. Henrik Ødegaard

  • Nøringen, folketone frå Voss, arr. Frank Havrøy

  • Bruremarsj av Jan Magne Førde

  • Bysjan, bysjan lite bån, folketone frå Østerdalen, arr. Frank Havrøy

  • Bestelanden, folketone/slått frå Setesdal, arr. Ørjan Matre

  • Solbønn, inspirert av norsk voggevise, arr. Gjermund Larsen/Gunnar Eriksson

  • Astri, mi Astri,

  • Den dag kjem aldri, folketone frå Vinje, arr. Klaus Egge

  • Bendik og Årolilja, riddervise/ballade, arr. Jens Bugge Olsen

  • Neslandskyrkja, folketone frå Seljord, arr. Knut Nystedt

  • Uventa brudlaupssjau, folketone frå Voss

  • Trommeslåtter og solist-innslag

Finn ut meir om Ole Bull Kammerkor på olebullkammerkor.no