Årets store fest Oktoberfest Stryn skjer 20.-21. september, og i den forbindelse inviterer vi til både vorspiel og restitusjon i frisk fjelluft.

NB! Alle med helgapass på Oktoberfest Stryn får 20% rabatt på t/r billettar fredag, laurdag og søndag! Vis bandet når du kjøper billett i billettluka.

Fredag: Vorspiel med Hofbrauhaus Show

Hofbrauhaus Show, som inntil nylig var fast husband på verdens mest kjente taverna i Munchen, tok turen til Oktoberfest Stryn for fyrste gong i fjor. I år kjem dei igjen, og før konserten i “Bierstube” i Stryn fredag kveld varmar dei opp med ein minikonsert på Hoven kl 19:00.

Dei omtalar seg sjølv som ein bayersk godbit - «Gemutlichkeit» i ordets rette forstand. Frå scena fløymer musikalske delikatesser ut, i henhold til den ekte, bayerske oppskriften, pynta med godt humør og servert på en livleg måte. Godbitane spenner frå internasjonale hits til typisk Oktoberfest-stimmung. I dag reiser bandet verda rundt for å underhalde og bringe den riktige Oktoberfest-stemninga ut til folket.

Laurdag: Vorspiel med Tresfjord Janitsjar

Tresfjord Janitsjar sørger for god stemning, liv og røre og pur ompamusikk laurdag frå kl 15:30, og vil spele innimellom fram til ca kl 18:00.

Finn ut meir om fantastiske Oktoberfest Stryn!

Hoven Restaurant & Bar

Hoven Restaurant & Bar

Utan mat og drikke, duger helten ikkje.

Utan mat og drikke, duger helten ikkje.

Hofbrauhaus show

Hofbrauhaus show