IMG_8946_Loen Skylift Danielle Langedal_2500.jpg

Laurdag 23. februar inviterer Loen Active og Loen Skylift til guida lysvandring på Hoven. Arrangementet er inkludert for alle gjestar ved Loen Skylift. inga påmelding.

Det blir guida vandring langs ei lyssett rute. Å vere ute i fjellet etter solnedgang skapar ei eiga stemning. Oppmøte kl 18 på toppen av Loen Skylift ved kjelkeutleigen (2. etg. i fjellstasjonen). Vi anbefaler at du tek bane opp kl 18.00 (avgong kvar halve time), så blir det avgong frå 2. etg på fjellstasjonen ca kl 18:30.

Dei som vil gå aleine er velkomne til det (fram til ca kl 21). Turen vil ta ca 1 time. Alle kan delta, men born må vere i følge med vaksne.

Det blir lagt opp ei rute som kan gåast til fots (utan verken ski eller truger). Dei som deltek bør ha med seg varme klede, hanskar, hue, gode sko og ei hovudlykt.

Etter turen går vi inn i Hoven Restaurant. Her kan du kose deg framfor peisen, kjøpe noko varmt å drikke eller noko godt å ete. Hoven Restaurant serverer mat frå a la carte menyen fram til kl 21:00.

Siste bane går ned kl 23.00.

Velkomne til fjells!

Følg arrangementet på Facebook