IMG_8914_1500.jpg

Laurdag 26. januar inviterer Loen Active og Loen Skylift til guida lysvandring på Hoven. Arrangementet er inkludert for alle gjestar ved Loen Skylift.

Det blir guida vandring langs ei lyssett rute. Oppmøte kl 17:00 i 2. etasje fjellstasjon. Vi anbefaler at du tek bane opp seinast kl 16:30 (avgong kvar halve time). Inga påmelding er naudsynt.

Dei som vil gå aleine er velkomne til det. Turen vil ta ca ein time. Alle kan delta, men born må vere i følge med vaksne.

Det blir lagt opp ei rute som kan gåast til fots. Dei som deltek bør ha med seg varme klede, hanskar, hue, gode sko og ei hovudlykt.

Hoven Restaurant serverer mat frå a la carte menyen fram til lysvandringa startar kl 17:00.

Etter turen går vi inn i Hoven Restaurant. Her kan du kose deg framfor peisen, og kjøpe noko varmt å drikke.

Velkomne til fjells!

Følg arrangementet på Facebook