Den 7. september held Hilde Selvikvåg konsert på Loen Skylift. Hilde Selvikvåg er frå Jæren og har på kort tid oppnådd stor suksess med spellemannsominasjon av debutalbumet og fleire store radiohits på løpande band. Med sine fengande poplåtar som «Karusell», «Indie» og «Anemone» har ho snike seg inn i mange hjerter og blitt ein av dei mest spelte artistane på norsk radio.

For tida er ho aktuell med sitt andre album «Fanga heile verden», og er i den anledning ute på ein landsdekkande turné der ho skal halde konsert på unike og særeigne stadar i Norge, som ho alltid har drøymt om å spele på. På lista over desse høgt ønska konsertstadane stod Loen Skylift. Den 7. september spelar ho konsert på Hoven for alle besøkande. Ektefølt og nært formidlar ho tekstane sine på klingande jærdialekt, slik berre ho kan, og framkallar latter så vel som tårer med ein varme og eit nærvær av dei sjeldne. Med den vakre utsikta over Vestlandet som bakteppe blir dette ein helt unik kombinasjon.

Hoven Restaurant serverer frå a la carte menyen fram til konsertstart. Vi anbefaler alle som har planar om å ete i restauranten å bestille bord.

Velkomne til ei magisk konsertoppleving!

Konserten er inkludert for alle gjestar ved Loen Skylift. Matservering fram til kl 21:00 og baren er open til midnatt. Siste bane opp kl 23:00, og siste ned kl 00:30.