Laurdag 12. oktober inviterer Loen Active og Loen Skylift til guida fullmånetur på Hoven. Arrangementet er inkludert for alle gjestar ved Loen Skylift. Inga påmelding.

Oppmøte kl 19:10 på toppen av Loen Skylift ved fjellbutikken i 2. etg. i fjellstasjonen. Vi anbefaler at du tek bana opp seinast kl 19.00 (avgong kvar halve time), så blir det avgong frå 2. etg på fjellstasjonen ca kl 19:10.

Dei som vil gå aleine er velkomne til det. Turen vil ta ca 1,5 time. Alle kan delta, men born må vere i følge med vaksne.

Dei som deltek bør ha med seg varme klede, hanskar, hue, gode sko og ei hovudlykt.

Etter turen går vi inn i Hoven Restaurant. Her kan du kose deg framfor peisen, kjøpe noko varmt å drikke. Baren serverer fram til kl 22:30. Hoven Restaurant serverer mat frå a la carte menyen fram til kl 21:00, så om du planlegg å ete kan det vere lurt å gjere dette før turen.

Siste bane går ned kl 23.00.

Velkomne til fjells!