Laurdag 9. februar inviterer vi til dans på Hoven!

Frå kl 20:00 snurrar DJ Øyvind plater, og SPLINT spelar frå 21:00 til 24:00, før DJ Øyvind avsluttar kvelden. Siste bane ned kl 01:30.

Arrangementet er ope for alle gjestar ved Loen Skylift. Billett til bana kan kjøpast i Fjordshop og på billettautomatar.

Hoven Restaurant

Restauranten serverer frå a la carte menyen fram til kl 21:00. Bestill bord her eller ring 57 87 59 00.

Om musikken

SPLINT vart etablert i 2012 og består av solide og dyktige musikarar som saman og kvar for seg har lang erfaring i frå ei rekke band, studioprosjekt og som backing musikarar for andre artistar. SPLINT kjenneteiknast som bandet med det gode humøret og det allsidige repertoaret og det å skape god stemning blant publikum er ei sjølvfølge.

DJ Øyvind kjem frå DJ-gruppa på høgskulen i Sogndal og spelar titt og ofte på Meieriet, samstundes som han tek på seg oppdrag rundt omkring.