Hopprenn.jpg

Skjærtorsdag 18. april blir det Hoven ski- og akerenn for born i alderen 6-15 år. Det blir ein klasse for akebrett og ein klasse for ski (langrenn eller alpint). Løypa vil bestå av svingar og nokre mindre hopp.

Vi har fokus på leik og moro, ikkje prestasjon, men det vil bli notert ned tider for deltakarane. Alle som deltek får ein liten premie.

Gjennomføring:
11.30 - 12.30: Påmelding i Hoven Restaurant
13:00: Rennstart (i akebakkane mot Skredfjellet)
15:00: Premiering

Ta med eigne ski eller akebrett. NB! Hjelm er påbode, vi ber dykk ta med dette.

Arrangementet er gratis for alle gjestar ved Loen Skylift. Mindre born bør vere i følge med vaksne. '

Heiagjengar og publikum er hjarteleg velkomne!

Finn ut meir om påska på Hoven.