Etter ei dag i fjellet inviterer vi til Afterski på Hoven skjærtorsdag frå kl 15:00

Dj Øyvind spelar på uteterrassen dersom veret tillet det.

Trubadur Torbjørn Gran tek rundt kl 16:00 og held på nokre timar. Her er det berre å stille på om du har vore ute på tur eller ikkje, alle er velkomne!

Om musikken:
Torbjørn er trubaduren som veit kva som skal til og spelar låter som publikum kjenner igjen og kan vere med å rope på refrenga! Torbjørn har stor kjærleik for norsk rock og spelar gjerne så mykje norsk som publikum kan tåle i løpet av ein kveld.

DJ Øyvind kjem frå DJ-gruppa på høgskulen i Sogndal og spelar og ofte på Meieriet, samstundes som han tek på seg oppdrag rundt omkring.