last ned (3).jpg

Etter ein dag i fjellet inviterer vi til Afterski på Hoven Langfredag frå kl 15:00.

Dj Øyvind spelar på uteterrassen dersom veret tillet det, og avsluttar kvelden inne.

Trubadur Torbjørn Gran tek til i 16-tida og held på nokre timar. Her er det berre å stille på om du har vore ute på tur eller ikkje - alle er velkomne!

Om musikken:
Torbjørn er trubaduren som veit kva som skal til og spelar låtar som publikum kjenner igjen og kan vere med å synge på refrenga! Torbjørn har stor kjærleik for norsk rock og spelar gjerne så mykje norsk som publikum kan tåle i løpet av ein kveld.

DJ Øyvind kjem frå DJ-gruppa på høgskulen i Sogndal og spelar titt og ofte på Meieriet, samstundes som han tek på seg oppdrag rundt omkring.