Vi inviterer til julelunsj og julebord høgt til fjells i Hoven Restaurant frå 15. november til 22. desember for grupper på minimum 15 personar. Pakken inkluderer også tur/retur med Loen Skylift. Du kan velge lunsjmeny på dagtid eller klassisk middagsmeny på kvelden. Og legg gjerne inn ein aktivitet eller to før maten. Merk at individuelle må forholde seg til ordinære opningstider fredag-søndag i denne perioden.

 

MENYAR

JULEMENY KVELD

Julemeny klassisk kan bestillast av grupper over 15 personar heile veka.

Forrett

Løyrom, puffa sprø svor, rørosrømme og lauk
- eller -
Heimelaga lammerull, bakt Chevre, raudbetar,
laukkompott og rista pinjekjernar

Hovudrett

Andebryst frå Stange Gard, braisert raudkål med eple og rødvin, aspargesbønner, bacon og kryddersaus
- eller -
Posjert lettsalta torsk, grøn ertepuré rosett- og grønnkål, fiskesaus og purreløkolje

Dessert

Riskrem, multecoulise med whisky og krumkake crumble

To-retters meny per pers. 750,-
Tre-retters meny per pers. 820,-
Fire-retters meny per pers.: 860,-

Kveldsmenyen inkluderer kaffi og t/r med Loen Skylift.

JULELUNSJ (MIDTVEKE)

Julelunsj kan bestillast av grupper over 15 personar måndag-fredag mellom kl. 12:00 og 18:00.

Forrett

Heimegrava laks, sennepssaus, heimebaka rugbrød, egg og rørossmør

Hovudrett

Pinnekjøtt frå Nordfjord, kålrotstappe, lefse, mandelpotet og ribbefeitt
- eller -
Posjert lettsalta torsk, grøn ertepuré, rosett- og grønkål, fiskesaus og purreløksolje

Dessert

Riskrem, bringebærsaus av lokale bær og mandelkjeks

Tre-retters meny med kaffi og mineralvatn, og t/r med Loen Skylift: 745,- per pers.


Val av kjøt eller fisk som hovudrett må gjerast ved bestilling. Gode vegetar-alternativ på førespurnad. Ved matallergi eller spesialdiett vil vårt kjøkken-team hjelpe deg


YTE OG NYTE

Vi er behjelpelege med å sy saman eit opplegg som også inkluderer utandørs aktivitetar saman med Loen Active. Ein uhøgtideleg konkurranse, eller ein felles aktivitet som styrker samhaldet. Eller kanskje begge deler? Bli med ut og finn ut om de er fjols til fjells, eller ekte råtassar.

Kombinere med overnatting på Hotel Alexandra?

Flotte Hotel Alexandra ligg berre 500 meter frå Loen Skylift. I Loen går ingen "på byen", alle er samla under same tak enten på hotellet eller på Hoven. Den viktige sosiale ramma rundt julebordet vert difor godt ivareteken. Hotel Alexandra har eiga bad- og spa avdeling.  Merk at Hotel Alexandra er stengt i veke 51.

KONTAKT OSS FOR BESTILLING: 

post@loenskylift.no  +47 57 87 59 00