Bygging av sti, varding og skilting

Stiarbeidet foregår for fullt i eit nydeleg haustver. No er også skiltinga av stiane i gong. Gjensidigestiftinga, i samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune, har bidrege økonomisk til skiltinga.  

5000 tonn betong

Det går mot slutten med betongarbeidet, og rundt 5000 tonn har totalt blitt brukt i bygginga. Betongarbeidet på toppen starta i april, og sidan den gong har arbeidet gått slag i slag. No gjenstår berre litt betongarbeid på restaurantbygget før tømrarane kan starte for fullt. 

Les artikkel i Fjordingen her. 

Hoven veke 36

Full fart framover! Både på fjellstasjonen, restaurantbygget, fjordstasjonen og ute i fjellet vert det jobba for fullt. Her er litt foto frå veke 36.

Veke 33: Stibygging, fjordskodde og paragliderar

Mange flotte soldagar denne veka, som har kome godt med for stibyggjarane. Og over bakken har paragliderar nytt flotte dagar i indre Nordfjord. Morgonskodda har lagt som ein dyne nede over fjorden - eit fascinerande syn frå oss her oppe i høgda. 

Veke 31 - stein på stein

Fjellstasjon og stibygging har vore hovudfokus denne veka. Mykje betongarbeid foregår, og no ser vi også konturane av restaurantbygget. Ute i terrenget jobbar flittige hender med å bygge stinettet, med mellom anna varding og bygging av steintrapper. Det er hardt fysisk arbeid, og denne veka fekk vi også god dugnadshjelp frå lokale entusiastar. 

Tradisjonell varding skal vise veg i terrenget, i tillegg til skilting etter nasjonal mal. Rune Holen frå Naturservice legg siste hand på verket på første varden. 

Tradisjonell varding skal vise veg i terrenget, i tillegg til skilting etter nasjonal mal. Rune Holen frå Naturservice legg siste hand på verket på første varden. 

Flotte steintrapper tek form på dugnad. Frå venstre: Arild Bødal, Jan Heggheim, Jarle Grov og Rune Holen. 

Flotte steintrapper tek form på dugnad. Frå venstre: Arild Bødal, Jan Heggheim, Jarle Grov og Rune Holen. 

Stien som blir bygd no er den såkalla "Familierunden". Anlegget på Hoven i bakgrunnen. 

Stien som blir bygd no er den såkalla "Familierunden". Anlegget på Hoven i bakgrunnen. 

Snart kan vi sjå konturane av restaurantbygget.

Snart kan vi sjå konturane av restaurantbygget.

Fjellstasjonen veke 30 - "Topping Out"

Ein viktig milepæl for Hoven Loen prosjektet denne veka, med ferdigstilling av toppmasta. Arbeidet er utført av Garaventa sitt sveitsiske team, med god assistanse frå Førde Kranutleige. Garaventa har installert slike baner over heile verda, men ingen så bratte som denne, og montørane har verkeleg fått lufta seg med 1000 meter under føtene.  

Laurdag var det "kranselag" på toppmasta, etter god gamal tradisjon på denne typen bygg. "Topping Out" innebær å sette ei gran og eit flagg på toppen når stålinnstallasjonen har nådd sitt høgste punkt. 

Grana og flagget markerer ferdigstilling av toppmasta på Hoven (1011 m.o.h.)

Grana og flagget markerer ferdigstilling av toppmasta på Hoven (1011 m.o.h.)

Her er fleire foto frå den luftige veka på Hoven. 

Ein nøgd gjeng frå Garaventa sitt Sweitzerteam saman med dagleg leiar i Hoven Loen. Frå venstre: Lucas, Richard, Daniel, Lucas og Jonas. 

Ein nøgd gjeng frå Garaventa sitt Sweitzerteam saman med dagleg leiar i Hoven Loen. Frå venstre: Lucas, Richard, Daniel, Lucas og Jonas. 

Hoven 21. juli 2016

Utsikta frå Lofjellet og fjellområdet bak Hoven er flott, og viser prosjektet frå ein litt annan vinkel enn vi vanlegvis ser det. Og for ein nydeleg dag! Alle foto er tekne av Per Helge Bø/Naturservice.

Her ser vi vandrestien frå Hoven til Vasskillet. 

Her ser vi vandrestien frå Hoven til Vasskillet. 

Hoven med Tungegjølet sett frå Lofjellet.

Hoven med Tungegjølet sett frå Lofjellet.

Hoven sett frå Lofjellet.

Hoven sett frå Lofjellet.

Fjellstasjonen veke 27

Det er full aktivitet på Hoven, og prosjektet går fort framover. No er også arbeidet med restaurantbygget i gong.

Mykje betongarbeid blir no gjort for å gjere klart for stålmonteringa på toppen, og om ikkje lenge skal den 24 m høge masta til bana på plass. 

Fjellstasjonen veke 26

Det går raskt framover på Hoven. Fundament til mastene, og vidare arbeid med fjellstasjonen. 

Stibygging for fullt

Førre veke vart det gjort mykje på sti på Hoven. Melkevoll Maskinentreprenør er henta inn, saman med Utmarksressurs og Naturservice for å gjere arbeidet. 

Melkevoll Maskin har starta på arbeidet med grussti mot Skredfjellet.

Melkevoll Maskin har starta på arbeidet med grussti mot Skredfjellet.

Stein på stein. 

Stein på stein.