Nominert til nasjonal reiselivspris

Nominert til nasjonal reiselivspris

Kvart år vert Innovasjon Norge sin Reiselivspris delt ut på Kick-off reiseliv i Oslo. Ein jury har no gjort si første vurdering og nominert Loen Skylift saman med Beitostølen Resort/ Destinasjonskirurgene og Uteguiden.

I fagjuryen sit Cathrine Pia Lund (direktør merkevaren Norge), Inger Solberg (direktør bærekraft) og Bente Bratland Holm (reiselivsdirektør) (alle Innovasjon Norge), Kristin Krohn Devold (adm.dir. NHO Reiseliv) og Line Endresen Normann (bransjedirektør Virke Reise Norge og kultur). I juryen sit også “folkets stemme". Fram til 21. oktober kan alle som vil stemme på sin favoritt.

Vi har lagt bak oss eit innhaldsrikt og hektisk første heile driftsår, og er stolte og glade for å vere nominert til denne gjeve prisen. Vi gler oss til å møte våre med-nominerte og gode kollegaer i Oslo 7. november, og ser med stor spenning fram mot prisutdelinga.

Fjordingen.no: Loen Skylift nominert til Reiselivsprisen
Firda Tidend: Tre nominerte til nasjonal reiselivspris

Sjølvaste Skåla

Sjølvaste Skåla

Skåla, den vakre giganten, ruvar over Loenbygda. Ein sti bygd for hand, snirklar seg gjennom den grove steinura, 1848 vertikale meter frå fjordkanten. Og på toppen er det til og med to DNT hytter - ei veldig gamal, og ei veldig ny. Komande helg skal Skåla Opp arrangerast - Nord-Europas tøffaste motbakkeløp. Rekorden er 1 time 7 minutt og 6 sekund. Uforståeleg for dei fleste som har gått turen, men tydelegvis fullt mogleg.  

Norges beste turrute?

 Skåla. Foto: Sverre Hjørnevik/Fjord Norge

Skåla. Foto: Sverre Hjørnevik/Fjord Norge

Turen opp er spektakulær, med utsikt over fjord, fjell og isbrear, og er tradisjonelt rekna å være den toppturen i Norge med størst høgdeforskjell frå fjord til fjell. På dei gamle hellelagde stiane og steintrappene frå 1891 og utover går du i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Det er ei kulturoppleving å vandre her, med fantastisk fjordnatur på alle kantar. Utallige dugnadstimar, tunge løft og godt samarbeid har skapt denne unike naturopplevinga, og no er Skåla ein av turane som er nominert som Norges beste turrute. Vi er ikkje i tvil, og håpar fleire stemmer på Skåla. Du kan stemme fram til 31. august på denne linken.

Om turen

Turen startar frå Tjugen ca 2 km frå Loen, nesten inne ved Lovatnet. Her er det parkeringsplass og informasjonstavle om Skåla. Turen startar på traktorveg, og går over på sti eit stykke oppe i skogen. Nokre stadar er stien hellelagt, og når du kjem høgt opp går stien over i steintrapper. Stien er merka etter nasjonal mal heile vegen. På toppen av Skåla er du 1848 meter over havet, og du får ei fantastisk utsikt over Jostedalsbreen, fjella og fjorden. Turen passar for normalt godt trente, og du bør normalt rekne mellom 3 og 5 timar opp. Det er mogleg å få med guide på turen. Sjå turbeskrivelse her. 

Ærverdig steintårn og moderne hytte

 Skålabu. Foto: Bergen og Hordaland Turlag

Skålabu. Foto: Bergen og Hordaland Turlag

 Skålatårnet. Foto: Sverre Hjørnevik/Fjord Norge

Skålatårnet. Foto: Sverre Hjørnevik/Fjord Norge

Skålatårnet og Skålabu er ubetjente DNT-hytter utanom det vanlege, for dei som vil ha ei overnatting eller lage seg ein kaffikopp på toppen. Skålatårnet var bygd i 1891, opphavleg som eit sanatorium, og framleis er det folkehelse som står i fokus, med trim og frisk fjelluft. Skålabu stod ferdig i oktober 2016, og skal avlaste tårnet for å bevare det i vintermånadane. Begge hyttene er drive av Bergen og Hordaland Turlag. 

Motbakkeløpet Skåla opp

Motbakkeløpet Skåla Opp startar ved Tjugen (28 moh) og målgong er ved Skålatårnet på toppen av fjellet 1 843 moh. Løpet vart første gong arrangert i 2002, og set alltid i sving eit enormt dugnadsapparat i den vesle bygda. Løpet har både konkurranseklasse og en mosjonsklasse. I år vert Skåla Opp arrangert 18. august. Det skal til og med arrangerast eit Mini Skåla Opp for dei yngste. Meir informasjon finn du på Skåla Opp si heimeside. 

Merk: Skålabu og Skåla er fullbooka 17. og 18. august grunna Skåla Opp. 

Måneformørkelse

Måneformørkelse

Det såg mørkt ut, men den dukka opp bak disen til slutt - og for eit syn. 

Mange tok turen til fjells for å sjå århundrets måneformørkelse, den såkalla blodmånen. Dei tolmodige fekk løn for strevet, for litt over 23:00 dukka den opp frå disen i horisonten, rett over Kjenndalskruna i Lodalen. 

Vi fekk kikke inn i ein medbrakt kikkert, og fekk foreviga måneformørkelsen gjennom linsa. 

Ekstrem via ferrata og zipline

Ekstrem via ferrata og zipline

norwegen-16_457.jpg

Snart blir populære Via Ferrata Loen utvida med ein lang og ein kort ekstrem via ferrata i tillegg til to ziplines i Gjølmunna. Det austerriske selskapet HZI startar opp arbeidet i slutten av mai.

Dei nye via ferrataene eller klatrestiane vert tilbod til dei tøffaste, medan ziplines i øvste del av Gjølmunna vert opplevingar for dei fleste. Den lengste klatrestien startar på 540 høgdemeter, i enden av ein sti som tek av 70 meter nedanfor innsteget på eksisterande via ferrata. Herifrå går klatrestien tett ved og meir eller mindre parallelt med pendelbana til Hoven, heilt til topps. Dette vert ein klatresti for dei tøffe og spesielt trente, og ikkje for nybyrjarar.

I samband med eksisterande via ferrata vil det og bli bygd ut to ziplines øvst i Gjølmunna. Kvar zipline vert om lag 120 meter lange. Her vil brukarar på alle nivå kan få oppleve å suse gjennom lufta, hengjande i wiren. Etter å ha køyrd ziplne kan folk velje mellom å gå inn på eksisterande via ferrata eller ein ny ekstrem ein opp ein 90 meter høg fjellvegg.

Loen Active satsar på å ha dei nye tilboda klare innan 1. juli. 

Les artikkel i Fjordingen 26. februar 2018

Loen Skylift årets nyskapar

28081781_10159931102345075_889867998_o.jpg

Loen Skylift vart kåra til årets nyskapar 2017. Det er Stryn Næringssamskipnad som deler ut prisen kvart år, som skal vere med å styrke Stryn sitt omdømme som arena for industri og næringsutvikling. I statuttane vert det m.a. vektlagt vilje, evne og mot til å realisere, og/eller kommersialisere ein god ide og stor nyskapingsevne og kreativitet i utvikling av konsept, produkt eller verksemd. Nyskapingsprisen skal også kunne tildelast bedrifter som over tid har vist høg evne til omstilling.

"Loen Skylift har  meir eller mindre støtte i alle statuttane for prisen" sa Knut Henning Hjellbakk i SNS. I grunngjevinga frå juryen heiter det mellom anna at Loen Skylift er eit nytt reiselivsikon i Norge, der verksemda er med på å styrke Stryn sitt omdømme som reiselivsarena med innovasjon og satsingsvilje, og gjev internasjonal merksemd.  

Det vert også vist til at partane bak Loen Skylift har vist vilje og gjennomføringsevne til å realisere og kommersialisere ein 40 år gamal draum, og og viste seg å vere ein god ide. - Loen Skylift har mål om å skape heilårsturisme, og gjere naturen tilgjengeleg for alle med tilpassa aktivitetar. Dette er med på å løfte resten av reiselivsnæringa i same retning. Dette skapar arbeidsplassar og verdiskaping, heiter det i grunngjevinga, der det også vert vist til at Loen Skylift har hatt eit fantastisk opningsår. 

Juryen har vore samansett av representantar fro Stryn Næringssamskipnad, Stryn Næringshage, Sparebanken Vest, Sparenbanken Sogn og Fjordane og Nordea. 

Kjelde: Fjordingen

nominert som folkets reiselivs-favoritt

 Foto: Lars Korvald

Foto: Lars Korvald

REIS, Travel News, Dagsavisen, og FlightPark har no lansert "Folkets Reiselivspris", der det er du som reisande som bestemmer vinnaren. rende for hvem som klatrer helt til topps som den norske folkefavoritten!

Folkets Reiselivspris er ny av året, og er en sammenslutning av de fire kategoriane i Reiselivsprisen, som har vore utdelt to gongar tidlegare under Grand Travel Award. I motsetning til dei øvrige kategoriene i Grand Travel Award, som stemmes frem av bransjen selv, er det de reisende som stemmer frem sine favoritter i Folkets Reiselivspris.

Ein uhilda jury i Folkets Reiselivspris har plukka ut 10 finalistar blant ei rekke gode kandidatar som kjempar om henholdsvis gull, sølv og bronse. Juryen består av Christine Baglo (reisejournalist Dagsavisen), Mette S. Fjeldheim (reiselykke.com og Årets Reiseblogger 2017), Bjørn Moholdt (sjefredaktør Travel News) og Tom Andersson (sjefredaktør REIS).

Du kan avgje di stemme her, og bli med i trekninga av ein iPad Mini. Vinnaren vil saman med sølv- og bronsevinnaren bli annonsert under Grand Travel Award 2018 på Wallmans i Oslo den 11. januar.

TravelNews: Hvem vinner folkets reiselivspris?

Årets gründer!

23031291_10155345661554081_7457919527071398114_n.jpg

I dag vann Loen Skylift årets Gründerpris, og gjett om vi er stolte og glade!

"Årets Gründer" er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Framtidsfylket, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Innovasjon Norge, og prisen vart i år delt ut for sjette gong. Juryen har bestått av Trond Teigene, adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Kjetil Kvåle, dagleg leiar i kunnskapsparken og Reidun Aasen Nesheim, seniorrådgjevar i Innovasjon Norge. I tillegg til juryen sine vurderingar skulle publikum vere med å stemme på finalistane. Dei andre finalistane var HydroWave, Sogn Aqua, Sødermann Rådgiving og Seaweed. 

Det var Eivind Grov som tok imot prisen på vegne av Loen Skylift i dag, og NRK snakka med han etter prisutdelinga. Eivind Grov var den første som lanserte ideen om ein gondol i Loen, for 40 år sidan, og han har vore tett på prosessen heile vegen, så det var spesielt kjekt at han kunne motta prisen på vegne av prosjektet. 

Vi takkar juryen og alle som har stemt på oss. Dette motiverer til vidare utvikling av Loen Skylift og aktivitetane på Hoven! 

Fjordingen: Loen Skylift vart årets gründer
Sparebanken Sogn og Fjordane: Loen Skylift er Årets Gründer 2017
Firda: Loen Skylift kåra til årets gründer i Sogn og Fjordane
NRK: Loen Skylift vann gründerpris
Fjordabladet: Loen Skylift er årets gründer
Fjordenes Tidende: Loen Skylift heilt til topps

 

 Trond Teigene, adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Eivind Grov og Reidun Aasen Nesheim, seniorrådgjevar i Innovasjon Norge.

Trond Teigene, adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Eivind Grov og Reidun Aasen Nesheim, seniorrådgjevar i Innovasjon Norge.

 Utsikta frå Loen Skylift i dag. Vakker soloppgong over Lodalen.

Utsikta frå Loen Skylift i dag. Vakker soloppgong over Lodalen.

Loen Skylift/Hoven Loen AS finalist til Reiselivsprisen 2017

Vi er stolte og glade over å vere ein av finalistane til Reiselivsprisen Sogn og Fjordane 2017!

Prisen vert delt ut av Sparebanken Vest under middagen på konferansen Fjordane frå bre til hav 1. november. Vi "konkurrerer" med to andre flotte reiselivsbedrifter i fjordfylket - vår gode nabo Gloppen Hotell og flinke Flåm Guideservice.

Om du vil stemme kan du gjere dette fram til og med 31. oktober! 

Loen Skylift ein av finalistane i "Årets Gründer 2017".

Loen Skylift er ein av fem finalistar til å bli kåra "Årets Gründer 2017", og no er det opp til publikum å stemme fram kva bedrift dei meiner bør få med seg tittelen og ein pengepremie på 100 000 kroner. Dei fire andre finalistane er Hydrowave i Vågsøy, Sogn Aqua i Høyanger, Sødermann Rådgjeving på Eid og Seaweed på Bulandet.

Du kan stemme heilt fram til 30.oktober. Deretter vil juryen si vurdering og publikumsstemmene avgjere kven som blir Årets Gründer 2017. 

Årets Gründer er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Framtidsfylket, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Innovasjon Norge, og prisen blir i år delt ut for sjette gong. Juryen har i år bestått av Trond Teigene, adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Kjetil Kvåle, dagleg leiar i kunnskapsparken og Reidun Aasen Nesheim, seniorrådgjevar i Innovasjon Norge.

Meir informasjon og link til avstemming.