BB20180711_LoenSkylift_DSC06476.jpg

Guida tur

Kontakt Loen Active for guida fjelltur frå Hoven.

Ta Loen Skylift til topps og legg ut på tur i høgfjellet med opplagde bein. Gode stiar som er skilta og merka gjev tryggleik og energi til å oppleve høgfjellet. Avslutt fjellturen med eit måltid i restauranten, og kanskje til og med ein solnedgong. Norges lettaste topptur.

Landskapet rundt Hoven tilbyr eit rikt utval av fjellturar med ulik vanskegrad og lengde. Turane varierer frå enkle gruslagde stiar til stiar i meir kupert terreng. Du kan gå på eiga hand, eller bli med på guida tur. Vandring gjennom sommarhalvåret, eller på ski om vinteren. Rundt 70 km med stiar er kartlagt frå Hoven, og arbeidet med å forbetre og tilrettelegge fleire av desse er i gong. Høg kvalitet og bærekraft er nøkkelord. Stiane vert skilta og merka etter internasjonal standard. 

Sesong for fjellturar på Hoven er vanlegvis frå mai/juni  til oktober/november. Dette avhenger av når snøen kjem og reiser. Du kan finne nyttig informasjon på vår live-side.  

Sjå eiga side om tryggleik i fjellet. 

Gjølrunden. Foto: Kjersti Kvamme

1. Gjølrunden 2,2 km / 120 høgdemeter
På denne rundturen kjem du nær spektakulær og dramatisk natur, med panoramautsikt mot Lodalen og Oldedalen. Første tredjedelen av turen har 170 meter stigning, med steintrapper i dei brattaste partia. Lengst mot aust kjem du nær kanten mot Tungegjølet, men så lenge du held deg på stien kan du ferdast trygt. Utsikt til fjord, fjell og bre på høgste punktet. I nord ser du fjella mot Sunnmøre og i søraust ligg Jostedalsbreen nasjonalpark. I lett høgfjellsterreng går stien vidare mot vest. Her kjem du inn på ein grusa tursti som fører deg tilbake til utgongspunktet på Hoven.

 
På veg til Skredfjellet. Foto: Bård Basberg

På veg til Skredfjellet. Foto: Bård Basberg

2. Skredfjellet - 2 km ein veg / 155 høgdemeter
Denne turstien gjev deg utsikt mot fjord, fjell og bre, og er tilpassa alle aldersgrupper. Frå Hoven til Skredfjellet går du på grusa tursti. Nokre korte bratte parti. Etter kvart får du utsikt mot fjorden og dei store dalføra innover mot Jostedalsbreen. Når du kjem opp på fjellryggen ser du Sunnmørsalpane i nord og Gjegnen i vest. Frå toppen ser du utover den 106 km lange Nordfjorden. I aust kan du skimte Skålatårnet 1848 moh. I sør ser du Oldedalen omkransa av isbrear.

 
Skredfjellet. Foto: Bård Basberg

Skredfjellet. Foto: Bård Basberg

3. Hoven - Skredfjellet - Hoven. 7,9 km / 523 høgdemeter
Rundtur over Skredfjellet via Oppheimssætra og tilbake til Hoven. Deler av ruta går på ein høgfjellsrygg på god sti, som gjev panoramautsikt mot fjord, fjell og bre. Halvvegs kjem du til idylliske Nøkketjønn. Kanskje du vil bade saman med Nøkken? Turen går vidare ned til Oppheimssætra før du vender tilbake til Hoven på grusveg. Du kan også gå vidare ned til idylliske Rakssetra. Kan gåast begge vegar. 

 
Fjelltur Loen Skylift. Bard Basberg

4. Årheimsfjellet - 6,3 km ein veg / 340 høgdemeter

Ein tur i kupert høgfjellslandskap, som gjev deg fantastisk utsikt over fjorden, og undervegs oppdagar du stadig nye fjell og brear i det fjerne. Store delar av ruta går på ein fjellrygg. Du føl grusstien til Skredfjellet, og vidare på smalare høgfjellssti ned mot Nøkketjønn. Frå stikrysset ved Nøkketjønn vandrar du i roleg fjellterreng mot toppen av Årheimsfjellet. Retur same vegen, eller via Oppheimssætra og på grusveg tilbake til Hoven.

 
På veg til Staurinibba. Foto: Bård Basberg/Loen Skylift

På veg til Staurinibba. Foto: Bård Basberg/Loen Skylift

5. Staurinibba - 2,7 km ein veg / 379 høgdemeter

Toppen på Staurinibba ligg 1379 moh. Du går på godt tilrettelagt sti heile vegen. Du rundar på nordsida av Tungegjølet - det bratte og smale gjølet som endar ut nede i Loen. Du kjem nær inn på stupbratte fjellsider, men kan likevel ferdast trygt langs den merka stien. Siste halvdelen stig brattare opp mot toppen. Premien som ventar deg er verd slitet - ei imponerande utsikt over indre Nordfjord.

 

Rakssetra. Foto: Hildegunn S. Dragsund

8. Holme / Oppheim via Rakssetra- 6,6 km ein veg/720 høgdemeter

Lett og fin tur på skogsbilveg 720 høgdemeter nedover lia, med flott utsikt mot fjorden, Olden og Oldedalen. Ved sving under Oppheimsetra kan gåande alternativt følge merka sti ned gjennom skogen (2,5 km kortare), eller gå vidare på skogsbilvegen. Ta gjerne ein tur innom Rakssetra og Oppheimsetra. Frå Oppheim er det 5,1 km tilbake til Loen, og det kan difor vere greit med skyss til Loen. 1. juli - 14. august kan du ta Loen Shuttle som køyrer strekninga Loen-Oppheim tre gongar dagleg. Om du treng taxi kontakt Stryn Taxi (57 87 23 50) eller Olden Taxi (950 86 146). Parkeringsplass rett før bommen på Oppheim (parkeringsavgift, årskort for parkering kan kjøpast i Fjordshop ved Loen Skylift).

 

 

GALLERI